
Etter å ha grubla lenge på kva vi skulle gjere den her sumaren, fekk vi på vårparten ein veldig passande turinvitasjon til Berlin den siste helga i juni. Vi hadde snakka litt laust om sykkelferie i Europa, og her kom det altså rekande eit startpunkt for turen. Så var det berre å finne endepunktet.
“Vi kan jo berre sykle heim igjen til Oslo då. Er sikkert forferdeleg varmt lenger nede i Europa likevel.”
God plan. Eller, vi må kanskje planlegge litt meir enn det her. Kva rute skal vi ta? Kva skal vi sykle på? Dei syklane vi har no kan bli noko ubehageleg å sykle langt på.
Sidan vi har vent oss til farten ein får på landevegssykkel, var det ikkje så interessant å gå for standard turoppsett med hybridsykkel og fullt sett Ortlieb-vesker. Vi valte difor å gå for ein komfort-racer med skivebrems og plass til litt breiare dekk. Canyon Endurace kom bra ut i ei rekke med testar, og passa fint inn i vårt ønske om allround tursykkel som òg kan brukast til vanleg landevegssykling.
Ei veke før turen oppdaga vi at vi kanskje kunne komme over litt grus, og valte heldigvis å bytte til eit par grusvenlege 32mm dekk frå Specialized. Det viste seg at vi ikkje skulle lenger enn ein time ut frå Berlin før vi traff første grusparti, og deretter gjekk det slag i slag med grus, sti, elendig brustein, sand, og enda meir grus.
Til oppakking gjekk vi for bikepacking-vesker frå Apidura, Revelate Designs, og Ortlieb. Då har vi ei seteveske på 14-17 liter, ein rammebag på 3.5-4.5 liter, og litt småvesker til mobil, kamera, snickers og haribo. Dette er ikkje eit oppsett som gjer plass til all verda av bagasje, så her måtte vi gå for minst mogleg med ting. Vi var lettare bekymra for om det her skulle halde i to veker, men med mykje kle i tynn ull og ein vaskestopp i København, gjekk det heilt fint.
Til navigering brukte vi mykje mobil med ruta lagt inn på RideWithGPS-appen. Det var noko styr å måtte fomle fram mobilen kvar gong ein lurte på kva veg ein skulle ta i eit kryss, så til neste gong kan det nok vere lurt å investere i ein sykkelcomputer med skikkeleg navigeringsoppsett. Min Garmin Edge 520 har diverre for liten skjerm og for lite lagringsplass.
Vi har stort sett fulgt etablerte sykkelruter fram til Gøteborg. Først Berlin-København, og så Kattegattleden (med eit par snarveger). Etter Gøteborg sykla vi opp til Trollhättan og gjennom Dalsland til Østfold. Derfra sykla vi langs Haldenkanalen og innover til Siggerud/Oslo.
Vi starta turen med ein roleg ettermiddagstur ut av Berlin og til Oranienburg. Etter å ha navigert oss ut av storbyen og lært oss kva skilt vi skulle sjå etter for å følge sykkelruta, fekk vi opp farten langs der Havel. Sykkelvegen veksla mellom rette strekker langs elva og svingete strekker gjennom skogen. Skogane rundt Oranienburg skal vere av dei mest bomba områda under krigen, så her tok vi ingen sjangse på tissepauser. Ruta fortsatte på same vekslande vis opp til Neustrelitz og Krakow am See. Fine asfaltvegar langs elva, så over på eksepsjonelt elendeg brustein i kvar tettstad, og vidare til lange grusvegar gjennom skogane. Vi fekk til og med litt flytsti med doserte svingar.
Etter Krakow am See opna landskapet seg, og der Havel vart bytta ut med lange parti langs kornåkrar. No kom vi nærare kysten og fekk kjenne litt meir på vinden. Heldigvis var det fortsatt berre fint vêr. Etter kvart som vi sykla inn mot Rostock såg vi ei massiv røyksky i horisonten. Var det cruisebåtar eller skogbrann? Kjem vi oss forbi det her og til ferga? Det viste seg at ein fugl hadde landa på ein straumførande kabel over toglinja og starta ein skogbrann for nokre dagar sidan. Inne i Rostock var bållukta sterk, så vi rasa vidare til ferga og over til Danmark.
“Vil du ha bearnaise på schnitselen?” Klask, så var måltidet auka med minst 500 kaloriar. Velkommen til Danmark! Vi ankom sør på Falster i eit så fantastisk kveldlys at vi nesten gløymte at det var motvind. Sjølv om det første gjestehuset låg i ei lita bygd uten butikk, var det ingen problem å få kjøpt seg eit par øl borte hos vertsskapet. Vidare gjekk turen nordover mot København langs kysten. Her hadde vi ein overfart med koselege M/F Ida, og ruta gjekk stort sett på fine sidevegar gjennom skogen og langs sjøen. Når vi kom inn til København i fredagsrushet måtte vi meget raskt lære oss dei lokale sykkelreglane, og etter ei nestenulukke, litt taco, og ein øl for å roe nervane, kom vi oss heilskinna fram til AirBnB-leiligheta. Nordover frå København ein søndag var det mange landevegssyklistar ute. Helsing var det heller dårleg med, då dei fleste nok var langt inn i raud Strava-sone.
Sjølv om vi hadde hatt motvind mesteparten av turen så langt, var det noko ekstra spesielt med motvinden på svenskekysten. Og når Kattegattleden i tillegg skulle innom kvar ei vik og kvart eit nes oppover, så vart det tatt ein og anna snarveg. Det var utruleg deilig å endeleg få litt langstrakte landevegar, der ein kunne få opp farten og slapp å sjekke vegen like ofte.
Frå Gøteborg gjekk turen vidare til Dalsland. Partiet ut frå Gøteborg var ikkje mykje å skrive heim om, men det tok seg veldig opp når vi kom til Bohus festning. På veg ut av Trollhättan sykla vi inn noko vegarbeid og fekk uheldigvis dekka full i fersk asfalt, slik at alt av grus festa seg på vegen. Heldigvis fekk vi god hjelp på ein lokal sykkelbutikk til å få skrapa vekk guffa. Nokre mil seinare merka Ingebjørg at ho hadde mista ein skrue i skoen, og vi måtte nok ein gong prøve å finne ein sykkelbutikk. Etter å ha spurt litt rundt fekk vi tips om ein Olof, og etter at han fekk rota gjennom nokre skuffer kom han ut att frå verkstaden med riktig skrue og Loctite. Ferden vidare gjekk på fantastiske vegar med knapt ei flat eller rett strekke å finne. Her må vi tilbake!
Etter at vi kryssa grensa inn til heimlandet så fulgte vi Haldenkanalen opp til Ørje, før vi tok nordvestover mot Askim og Solbergfoss. Med 29 grader var det her den varmaste dagen så langt. Vi prøvde å ta ein badepause midt på dagen, men vart avbrutt av torden og måtte sykle vidare. Ti minutt seinare fekk vi eit vanvittig regnvêr, så det vart ein dusj i staden. Til slutt kom vi til Siggerud. Her slappa vi av eit par dagar før vi sykla sjarmøretappen inn til Oslo og tok toget heim til Bergen.
Vi var litt bekymra for kor langt vi kom til å komme på den her turen, men når vi først var i gong med syklinga gjekk det av seg sjølv. Det var aldri noko tvil om kva vi skulle gjere kvar morgon, det var berre å pakke veskene og sette seg på sykkelen. Ein kunne gjerne gå litt lei på slutten av dagen, men etter middag var det fort gløymt.
Sykkel har vist seg å vere ein fantastisk måte å oppleve nye plassar. Det går sakte nok til at ein får sett seg om, samtidig som ein får dekka store avstandar.
Alt i alt har vi hatt ein fantastisk tur som har gitt meirsmak. Så, kvar skal neste eventyr gå?